Velkommen til Yndestad Gard Camping
Yndestad Gard er ein heilårsåpen campingplass, med oppstillingsplass til 30 biler og
vogner. Campingplassen ligg idyllisk til heilt nede ved Yndestadvatnet. Eit 9 km
langt fiskevatn, med gode fiskemoglegheiter både for ørret og røye.

Campingplassen er godt utbygd med både straum og vatn tilgjengeleg heile året.
Tømmestasjon for bubil og campingvogn. Heilt nytt sanitæranlegg med 6 dusjar og
6 toalett vart bygd i 2016.

Grillhytta ved vatnet appellerar til koselege kveldstimar i hyggeleg lag.

Gapahuken ved Yndestadhølen er ein ypperlig plass for rekreasjon, med
moglegheiter for fiske og avslapping i all slags veir.

Vi har båtar og kanoar til utlån for fredelege fisketurar på vatnet rundt garden.
Ynskjer du ein lengre tur nedover vatnet kan også motor leigast.

I området rundt campingplassen finn du i tillegg eit fantastisk turterreng, både for
kortare kveldsturar, eller lengre utfluktar i fjellet.

Ynskjer du ein guidet tur i fjellet, så spør oss gjerne..........

Fasillitetar
- Tømmestasjon
- Sanitæranlegg
- Grillhytte
- Gapahuk
- Båtar
- Kanoar
- Fritt Fiske
- Matservering
- Restaurant / Bar
- Turterreng
- Aktivitetar
- Arrangement
- Fastcamping
Fastcapming
I 2016 etablerte Yndestad Gard eit område
for fastcamping. Det er no opparbeida 8 av totalt 12 plassar i første byggetrinn.
Nokre er allereie utleigd og der er etablert eit flott fastcampingmiljø.

Plassane er 9x7m med underlag av grus. 4m avstand mellom plassane er opparbeida med grasdekke. Plassane har eigen strømmålar. Det er her moglegheiter for å plassere vogn og Isocamp telt med tilhøyrande plattning.

Ta kontakt med oss for meir informasjon!
Yndestad Gard Camping
Copyright © 2017 by Yndestad Gard  ·  All Rights reserved  ·  E-Mail: yndestadgard@gmail.com