Copyright © 2017 by Yndestad Gard  ·  All Rights reserved  ·  E-Mail: yndestadgard@gmail.com
Litt Historie
Kårbustaden på Yndestad var bygd i 1930 og er rehabilitert ein rekkje gangar,
sist i 2006. Den ligg i vakre omgjevnader ved Yndestad vatnet i Guddal. Garden
har vert i Yndestad familien dei siste 200 åra, og har gått i arv frå far til son. I
1950 overtok Norvald Yndestad og dreiv tradisjonelt jordbruk med grønsaker
fram til 1965. Han gifta seg med Bertine Noven frå nabogarden og saman fekk
dei 5 born. I 1966 endre ein driftsform til mjølkeproduksjon av geit, dette varte
fram til år 2000. Kårfolka på Yndestad i dag, Oddleiv og Marit tok over garden i
1975 og det var dei som la grunnlaget for meir moderne drift der ein satsa på
turisme. Da Nina flytta heim med familien i 2005 og fekk overta garden, satsa
begge generasjonane på å vidareutvikle garden til ei overnattingsbedrift, med
tilbod til gjestane om tradisjonell norsk mat. Herfrå gjekk det slag i slag.
Servicebygg med dusjanlegg, toalett, sauna og solarium stod ferdig i 2006. I 2008
bygde ein på med serveringslokale til 120 personar. I 2015 blei Driftsselskapet
Niron AS til, og vidare utvikling av garden tar form. Nytt sanitæranlegg og
utviding av campingplassen med faste oppstillingsplassar står klart våren 2016.
Mange spennande planar for vidare utvikling av både tenestetilbod og aktivitetar!
Våre Tenestetilbod
Kven Er Vi?
- Campingplass Heilårsåpen
- Overnatting 19 rom Full/Halv pensjon
- Restaurant / Bar med alle rettigheiter
- Matservering med fokus på tradisjonsmat
- Arrangement
- Catering
Yndestad Gard er ei familiebedrift der
ekteparet Nina og Ronny Yndestad
Fløholm driv dette med god hjelp frå
resten av familien
 
6966 Guddal
Tlf: +47 577 37 577
www.yndestadgard@gmail.com
6966 Guddal
Sogn & Fjordane
Tlf: +47 577 37 577
yndestadgard@gmail.com